top of page
Forfatterens bildefornsednorge

Åtferd

Norsk folkediktning IV, Rim, Gåter, Ordtøke", Knut Liestøl, 1962.


Gjer vel, så fer du vel. Det fer no kvar si ferd som han er heime lærd. Det kostar mykje å vera folk; det kostar meir å vera fant. Ein lyt sed følgja eller land fly. Det vil alle følgja den store straumen. Der den eine sauen spring føre, der spring dei andre etter. D’er ingen forbodi å betra seg. Den som agelaus lever, han ærelaus døyr. Den geita som mekrar mest, ho mjølkar minst. Tomme kjerrer skranglar mest. Den som tek til for hardt, han held opp for snart. Altfor kvast vert snart ukvast. Altfor kvast er òg til last. For mykje og for lite skjemmer allting ut. D’er skil på å raka skjegget og skjera haka av. Ein drope gjer glaset for fullt. Ein skal ikkje ta heile stigen i eit steg. Bender du bogen for hardt, så brest han snart. D’er betre føre var enn etter snar. D’er best å vende medan vel er. Når leiken er best, skal ein halda opp. Med råd og lempe kjem ein kryp så langt som ei kjempe. Ein lyt leve som ein kan og ikkje som ein vil. Ein får ta tida som ho kjem, og verda som ho er. Ein får ikkje retta foten lenger enn fellen rekk. Der ein ikkje får gå bein, lyt ein bøya seg. Han får luta som låge dører har. Den steinen som ikkje kan lyfta, skal ein la liggja. Som ein gjer gjerda, så fer ein ferda. Når gjerninga er gjord, hjelper ingen ord. Den som er med i alle slags leik, får smaka på alle slags steik. Så er folk som ein fer med dei til. Den som bur i glashus, skal ikkje kaste stein på andre. Liten hund kan òg bita. Den som vil hemna all sin harm, han gjer seg usæl og arm.

9 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page